Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

PC for TIP-elevar

Elevane som går på TIP brukar teikneprogrammet Autodesk Inventor i undervisninga. Dette programmet fungerer ikkje på Mac. Difor er det slett ikkje lurt å kjøpe Mac viss du skal ha ny PC til hausten som elev på TIP.

Les meir

Nytt om signering av avtale om støtte for elevar under 18 år

Frå neste undervisningsår (2016–2017) kan foreldre til elevar under 18 år få vedtaket om støtte elektronisk og signere digitalt på vegne av barnet digitalt. Elevane skal ikkje lenger signere for stipend, men må framleis signere avtalen dersom dei får lån.

 

Meir informasjon finn du i PDF-dokumentet i høgremargen, eller:

Klikk her for meir informasjon om kva endringa inneber for elevane.

Les meir

Vi har vorte livsglede-skule!

Elevane
på vg1 HO har ei tid prøvd ut idear frå stiftinga Livsglede for eldre på omsorgssenteret i Vanylven. Dette har vore svær vellukka. Torsdag 14. april hadde vi besøk av Kari Sofie Iversen frå Livsglede for eldre. Ho orienterte elevar og tilsette frå skulen og Vanylven kommune. Det er spennande å sjå arbeidet som vert gjort rundt om i landet i regi av idear frå denne stiftinga.

Les meir

Velferdssjekk frå Vanylven kommune

20.01. kom ordførar Lena Landsverk Sande på visitt til skulen. Ho hadde med ein gåvesjekk på kr. 25000. Pengane skal gå til velferdstiltak til elevane. Ordføraren poengterte at kommunen verdset den vidaregåande skulen i kommunen høgt, og ein ønskjer at elevane vel tilboda skulen kan tilby, også fordi ein ser verdien av at ungdomane bur i kommunen lengre.

Etter at elevrådet hadde tatt imot og takka for pengegåva, hadde ordføraren ein skuletime med elevane om kommunereforma og utfordringane kommunane står overfor når det gjeld kommunesamanslåingar. Mange elevar gav uttrykk for at at dei vart litt visare om dette etter skuletimen.

Les meir

DIABETESPROSJEKT

For å få eit godt innblikk på diabetes, blei det
bestemt at HO skulle ha eit diabetesprosjekt 19.01.16. Elevar og lærarar vart
delte inn i to grupper der ei gruppe fekk ete sunn frukost, og den andre skulle
ete usunn. Det vart målt blodsukker før og etter frukosten. Etterpå vart det
informasjon til elevar og tilsette der det vart vist kvifor eit sunt kosthald
er viktig for å halde blodsukkeret i sjakk. Prosjektet gjekk over to dagar.
Dette var lærerikt og veldig kjekt. Elevane på både HO og TP syntes dette var
eit artig prosjekt. Og det var ingen teikn til at nokon av elevane eller
lærarane hadde diabetes- alt var på det normale.

Les meir

Avslutning og GOD JUL

Som alle tidlegare år vart det juleavslutning med julemiddag for alle elevar og tilsette på kantina torsdag 17.12. HO-klassen hadde laga nydeleg mat i lag med læraren sin, og klassene og lærarane stilte med program. Då alle kom i finstasen til ei vakkert pynta kantine, vart det god stemning og ei fin avslutning før ferien.

Les meir

Juleverkstad

Årets juleverkstad gjekk av stabelen onsdag 16.12. Ein kunne høyre julemusikk, kjenne god lukt av lussekattar og gløgg, og elevane var innom ulike stasjonar med varierte aktivitetar. Alle var med og laga lysestakar på verkstaden, lussekattar på kjøkenet, det vart bretta flotte terningar – og dei digitale julekorta vart fine!

Les meir

Fyrstehjelpskurs 14.12.2015

Klassane HO og TP gjennomførte i dag eit lenge planlagt samarbeidsprosjekt. Dagen starta med gjennomgang av ulike farekjelder i verkstadområdet på skulen, både i maskinverkstaden og sveiseverkstaden. Neste økt var undervisning i ulike skadetypar og behandling av desse, i regi av HO-klassen. I neste omgang vart TP- klassen inndelt i grupper som fekk øve praktisk på behandling av ulike skadar og HLR, alt under rettleiing frå kyndige HO-elevar.

Les meir

Hospitering av 10.-klassingar

Det er liv og røre på skulen når 10.klassingar frå ungdomsskulane i Vanylven er på besøk.Sveising og fresing på verkstaden for første gong er ei utfordring, men det går bra med kyndig rettleiing! Spennande oppgåver vert løyst med humør i ST-klassa, der vg2-elevar frå Volda vgs trår til på gamle tomter. HO-elevane instruerer i førstehjelp og står på og bakar til nydeleg felleslunsj. I det heile – trivsel og læring heile dagen!

Les meir

Operasjon Dagsverk

Også i år valde elevane å ta del i Operasjon Dagsverk. Tysdag 24.10. arrangerte OD-komiteen Internasjonal Dag, der formålet var å gi elevane informasjon om prosjektet.

Les meir