Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Flott dag på Sandviksanden

Torsdag 28. august var vel 50 vg1-elevar og lærarar på utflukt til Sandviksanden på Hakallestranda. Denne dagen er ein del av skulastartprogrammet vårt. På programmet stod grilling, mange felles aktivitetar og sandvolley-turnering. Sidan det vart full klaff med veret vart det sjølvsagt også bading. Ein strålande dag med positive og engasjerte elevar. Dette lovar godt for resten av skuleåret!

Les meir

VELKOMEN TIL SKULEÅRET 2014-2015

Første skuledagen for elevane er måndag 18.08. Vi startar skuledagen kl. 08.10 med oppmøte i kantina for alle.

 

Vi ønskjer alle nye og tidlegare elevar velkomne!

Les meir

Utprøvingsdagar for 10.klassingar

I veke 47 var elevar frå Vanylven, Sande og Dalsfjord på utprøvingsdagar i programområda på vg1. Her på skulen gjeld det Helse-og oppvekstfag, Teknikk og industriell produksjon og Studiespesialisering.

Les meir

Ungdataundersøkjing måndag 30. september

Informasjon til føresette og ungdom om Ungdata-undersøkinga i Vanylven 2013

På oppdrag frå Vanylven kommune gjennomfører NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) og Kompetansesenter rus – region Midt-Norge (KoRus Midt-Norge) ei anonym spørje-undersøking blant ungdomane i kommunen. Formålet er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdom.

Les meir

Felles møte for foreldre/føresette til vg1-elevar

Tysdag 17. september kl. 19.30 vert det felles foreldremøte der det vert gitt nyttig informasjon som vedkjem elevar og føresette. Det vert først ei samling for alle på kantina der skuleleiinga og rådgjevar vil orientere. Deretter vert det samling klassevis der kontaktlærarar vil informere om det som gjeld den einskilde klassen.

Les meir

Flott bli-kjend-dag på Sandviksanden!

I år klaffa veret perfekt første skuleveka slik at vi fekk ha aktivitetsdag på Sandviksanden for alle elevar og tilsette. Mange aktivitetar på stranda med til dels imponerande innsats, grilling og sandvolley-konkurranse for dei som ville – og jammen vart det bading på nokre også. Her fekk vi bruke ulike sider av oss og så vart vi litt betre kjende med kvarandre, akkurat slik vi ønskte.

Heimeside
Les meir

Sommarjobb - frikort?

Tener du mindre enn kr 39 950 kan du bruke frikort. Send: frikort "fødselsnummeret ditt" til 02111

Les meir

Stipend frå lånekassen

Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå lånekassen.

Les meir

Orientering om klagerett

Klage på vurdering som gjeld
Standpunktkarakterar
Vedtak om ikkje å setje standpunktkarakterar
Karakterar i orden og åtferd

Les meir

Resertifisering som miljøfyrtårn

3 år etter at skulen vart sertifisert som miljøfyrtårn er sertifiseringa for 3 nye år på plass.

Les meir