Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Aktivitetsdag i strålande septemberver

Aktivitetsdag i strålande septemberver

Alle elevar og tilsette tok del på aktivitetsdagen på Sandviksanden 20.09. Dagen starta med ei rekkje aktivitetar der elevgruppene vart utfordra på svært ulikt vis. I det strålande haustveret med sommarstemning vart det også grilla, gjennomført volleyballturnering, laga sandslott, leika og til og med bada.

Ein kjekk, samansveisande aktivitetsdag med mange blide og førnøgde deltakarar.