Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Aktivitetsdag på Sandviksanden 1.09.

Aktivitetsdag på Sandviksanden 1.09.

Som ein del av skulestarten hadde vi aktivitetsdag på Sandviksanden også i år.

Vi starta med ulike gruppeaktivitetar der elevane utførte ulike oppgåver, vi kan nemne lassokasting, gjettekonkuransar og enkel dramatisering. Ei god og triveleg grilløkt høyrer med på ein slik dag før mange sette i gong med sandvolleyball-turnering.

Stemninga var god sjølv om vi har hatt høgre temperatur på sanden tidlegare år. Men sola var framme mesteparten av dagen og nokre drista seg også til å teste badetemperaturen.