Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Bedriftsbesøk til Sibelco Nordic på Åheim

Bedriftsbesøk til Sibelco Nordic på Åheim

Begge TIP-klassene hadde ein innhaldsrik dag med orientering og omvisning på dei svære anlegga til Sibelco Nordic på Åheim den 22. oktober. Fokus på HMS er noko som elevane sit igjen med etter besøket.

Dei mange fagområda som rekrutterer frå den videregåande skulen, viste elevane kva deira kompetanse kunne brukast til på denne bedrifta. Dei fekk også ei god innføring i kva krav bedrifta stiller til medarbeidarane sine. Det var imponerande å sjå dei store dimensjonane på utstyret som vert brukt til handtering av olivinråstoffet.
Etterpå besøkte vi det spennande og nyetablerte Norsk Olivinsenter, sjå http://www.norskolivinsenter.no