Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Bedriftsbesøk til Vanylven kommune

Bedriftsbesøk til Vanylven kommune

Fredag 25. august var elevar og tilsette ved skulen på bedriftsbesøk til Vanylven kommune. Dette vart ein flott dag der dyktige og engasjerte tilsette i kommuna orienterte.

Etter ei samling på kantina der ordførar og rådmann orienterte var det besøk i ulike avdelingar. Vanylven kommune er største arbeidsgjevar i Vanylven. Vi var delt inn i ulike grupper som besøkte Vanylven sjukeheim, Stenbakken industrier, Aktivitetssenteret, Rådhuset, Lageret og brannstasjonen og Solsikka AS. Etter dette var det pizza og kunnskapskonkurranse om Vanylven kommune i kantina. Dagen vart avslutta med besøk på Vanylven vassverk og fekk omvising og orientering ledningsnett, nøytralisering og reinsing av vatn.