Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Besøk på Aasen-senteret

Besøk på Aasen-senteret

13.april var ei gruppe elevar og lærarar på tur til Aasensenteret i
Hovdebygda.

Vi vart godt motteke av vertskapet; vi fekk mellom anna ei omvising både på det gamle tunet og det nye bygget, i tillegg til informasjon om Ivar Aasen sitt arbeid. Elevane orienterte seg i utstillingane, prøvde dialektspel på data og vi såg filmen som er laga om Aasen. Det vart også tid til lunch i kafeen.