Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Besøk ved North Cape Minerals på Åheim

Besøk ved North Cape Minerals på Åheim

Onsdag 7. november var Vg1 TP på besøk ved North Cape Minerals på Åheim. Først fekk vi på oss verneutstyr som er obligatorisk ( vernesko, briller og hjelm).

Vi vart vist rundt på heile området. Der var verkstad til store kjøretøy og små kjøretøy. Vi var også ein tur innom vaskehallen. I sveiseverkstaden var der to lærlingar. Dei fortalte litt om jobben sin og gav uttrykk for at dei likte å jobbe der.

Etterpå var vi i steinbrotet i Gusdalen der dei tek ut olivinstein. Der fekk vi sitje på med veldig store dumparar. Vi fekk og sjå korleis steinknusaren verkar. Etter ei tid skulle dei sprengje ei stor salve på 16 tonn med sprengstoff. Då måtte vi trekkje oss tilbake,vi køyrde då til NCM på Åheim igjen. På kantina der fekk vi servert baguettar, brus og kakao. Vi såg ein film om drifta til NCM. NCM eig til saman 5 olivinbrot i Noreg, og 65% av all produksjon vert teken ut på Åheim. Etter på var vi innom steinfrabrikken der all olivinsteinen vert brent og laga til sand og murstein. Vi var også innom sandanlegget og kontrollrommet for dette anlegget. Så var vi nede på kaia og såg lagera der dei pakka sanden og steinen for utfrakting med båt. Vi er imponerte over kor mykje det var å sjå ved NCM! Det var ein lærerik og kjekk dag.

På biletet står vi i skuffa på hjullastaren. Det fortel litt om storleiken på køyretøyet!

Skrive av TP-gruppa (i norsktime) - Fotograf: O.M.N.