Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Eit inspirerande møte - forfattarbesøk av Maria Parr

Eit inspirerande møte - forfattarbesøk av Maria Parr

Fredag 29. januar var Maria Parr på besøk. Dei to klassene som fekk glede av å høyre henne, kom med strålande meldingar i etterkant:

”Det var fantastisk. Ho er ein utruleg god forteljar. Eg må lese boka hennar.” Møtet med Maria var svært inspirerande for elevane våre, og når ho i tillegg er frå Vanylven, skaper det ekstra nærleik og gjenkjenning. Vi takkar Maria for ei stor oppleving!