Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Eit sterkt møte

Eit sterkt møte

Tidlegare i haust hadde klassene i Helse og Sosialfag (vg1) og Helsearbeiderfag (vg2) ved vidaregåande skule i Syvde besøk av tilsette ved SMISO som er ei forkorting for Senter mot incest og seksuelle overgrep.

Senteret ligg i Molde og er eit gratis tilbod til alle som har blitt utsette for eit eller anna slags seksuelt overgrep. Dei tek også imot pårørande som treng råd, støtte og rettleiing. Dei har ope kvardagane mellom 09.00 – 15.00 og torsdagane heilt til 20.00, senteret ligg i Moldelivegen 9. Etter nyttår vert det opna eit underkontor i Ørsta i Kaihuset, men det vert ope berre ein dag i veka.

            På senteret kan ein få snakke med andre i same situasjon eller få hjelp til kva ein kan gjere vidare gjennom samtale med fagfolk med høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Alle som jobbar der har teieplikt.

            I tillegg til to av dei tilsette, som gav oss god informasjon om SMISO i Molde, fekk vi også besøk av ein av brukarane ved senteret. Ho fortalte oss si sterke historie om ei utruleg vanskeleg barne- og ungdomstid og kva hjelp ho har fått av å bruke SMISO.

            Senteret i Molde er oppretta med støtte frå kommunane i M&R, men det er  fleire kommunar som enno ikkje er med på å støtte dei her på Ytre Søre Sunnmøre, deriblant Vanylven.

           

De kan lese meir om senteret på: www.smiso.-mr.no

E-post: smiso@smiso-mr.no

Tlf. : 71 11 51 55

Mobil: 974 15 580

Døgnopen tlf.: 800 57 000

Elevane på HS (Vg1) og Helsearbeidarfag