Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Eksamen for privatistar våren 2009

Eksamen for privatistar våren 2009

I perioden 1. – 15. januar vert det opna for oppmelding for privatistar i ulike fag i vidaregåande skole og teknisk fagskole. Teoriprøver for lærlingar og praksiskandidatar må og oppmeldast i same perioden.

Oppmeldinga skjer no berre på internett på nettadresse: www.privatistweb.no

Ein må gå inn der, velge Møre og Romsdal og registrere seg med personopplysningar som blir krevd. Alle felt med raud markør må fyllast ut.

Les nøye opplysningane på weben slik at du forstår konsekvensane av det du gjer.

Når personopplysningane er på plass startar oppmelding av fag. Det er svært viktig at ein nyttar rett fagkode, for fleire ulike fagkodar kan ha same eller tilnærma same nemning. Ver og merksam på at det framleis fins to ulike kodesett, eit for Reform94 og eit anna for Kunnskapsløftet. Pass på at du markerer det rette her før du byrjar å leite etter fagkodar.

Du må sjølv velge den skolen der du vil ta eksamen. Dersom fagkoden du skal ta eksamen i skulle mangle, må du kontakte skolen det gjeld.

Ta kontakt med ein av dei 10 privatistskolane i fylket eller Utdanningsavdelinga på fylket dersom du er usikker på kva fagkode du skal velge.

Når du har lagt inn faga du treng må du mellom anna velge ”Hensiktskode” før du kan avslutte og få opp betalingsinformasjonen. Ver nøye med å sette inn rett hensiktskode. Når oppmeldinga di er ferdig får du opp eit bilde der betalingsinformasjon står. Der får du opplysning om KID-nr, bankkonto og seinaste betalingsdato. Desse opplysningane må du notere eller skrive ut. Har du registrert di e-postadresse vil denne informasjonen bli sendt deg på e-post.

Rett betaling med rett KID-nr må vere betalt innan fristen for at du skal få ta eksamen. Du vil ikkje få tilsendt nokon giroblankett, men må betale i nettbank, med brevgiro, telebank eller direkte i bank. Oppmeldingsavgifta er no 345 kr pr eksamen for førstegongseksamen og 707 kr for for forbetringseksamen. Lærlingar i kontrakt skal ikkje betale avgift for dei fag som er relevante for lærefaget, heller ikkje ved forbetring. Dei som har dokumentert vaksenrett etter §4A-3 i forskrift til opplæringsloven skal heller ikkje betale avgift.