Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Fagdag matematikk

Fagdag matematikk

Torsdag 15. november vart det endeleg fagdag matematikk. Programmet denne dagen var i liten grad "vanleg" matematikk. I staden var det lagt opp til mange ulike praktiske oppgåver for alle elevane.

Dei fleste aktivitetane var i form av arbeid i grupper, til dels som konkurranse mellom gruppene. Ein av aktivitetane som fenga mest var bretting av terning av 6 A4 papirark. Det var stor aktivitet og stor produksjon, og til tross for eit krevjande program var stemninga på topp heile dagen.