Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Friluftsliv med naturen som matkjelde

Friluftsliv med naturen som matkjelde

Fagdagen i naturfag var i år lagt til Flugevågen der det var fjøreekskursjon, bålbrenning og friluftsliv for alle elevane. For første gang hadde vi og med skikkeleg krabbekokar for bål, og på biletet er det hovudkonstruktøren av krabbekokaren som passar på at kokinga går rett føre seg.

Onsdag 3. oktober laga elevane på TP ein flott krabbekokar av innertanken på ein gamal varmtvasstank. Dei laga også stativ til kokaren, og det viste seg at den fungerte godt i praksis når vi fyrte med ved. Dagen etter var det fagdag i naturfag i det nydelege området i Flugevågen med utsikt mot Stadt og ope hav. Det vart diverre ikkje nokon kjempefangst av krabbe, men for dei elevane som tok sjansen på å smake vart det faktisk friluftsliv med naturen som matkjelde, og desse elevane har dermed oppfylt læreplanmålet i friluftsliv for kroppsøvingsfaget. Alt i alt ein veldig flott og lærerik dag i fantastisk natur.