Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Frisk ekskursjon til Røda

Frisk ekskursjon til Røda

Det starta måndagskvelden då alle i ST-gruppa fekk ei melding frå John Willy Klungre, geografilæraren vår. I meldinga stod det at vi måtte ha med oss gode sko, turklede og godt humør på skulen tysdag 26.august. Alle lurte på kvar vi skulle, og vi møtte nysgjerrige opp på skulen dagen etter.

Ei lita stund før det fyrste friminuttet stakk John Willy hovudet inn i klasserommet og sa med eit stort smil at alle måtte kome ned i skulen sin private minibuss. Vi skulle på ein ekskursjon til ei breelvavsetning i Røda. Vi klatra inn i bussen alle som ein der vi blei møtte av avdelingsleiar Idar Brekke og Bryan Adams med «Summer of 69» på radioen.

Då vi kom til Røda, måtte vi vente ei lita stund på John Willy som kom i privatbil. Vi forflytta oss opp til brua, der vi fekk saftige gulrøter, som John Willy hadde plukka heime i hagen sin. Medan elevane knaska gulrøter, prata John Willy om den fyrste oppgåva vi skulle løyse. Vi delte oss inn i grupper og spreidde oss rundt i området på leiting etter ulike bladtypar. Ti minutt etter møttest vi igjen nede ved brua og samanlikna det vi hadde funne. Dei fleste hadde funne mykje, og John Willy var kjempefornøgd med den aktive og flinke gruppa han hadde fått ansvaret for dette året. Etter ein god del skryt, bar det oppover mot avsetningsområdet. Der viste John Willy oss kva ei breelv var, korleis den hadde spreidd seg og korleis den hadde vakse ettersom isbreen blei større. Dette var veldig lærerikt, og det var ein morosam måte å lære på.

Etter ti minutt i dette området, gjekk vi oppover mot grustaket. Her fekk vi beskjed om å dele oss inn i nye grupper, før vi fekk utdelt nokre nye oppgåver. John Willy visste oss ein demo på korleis ei morene blir til, og deretter spreidde vi oss rundt i skog og mark og leita etter svar på oppgåvene. Blant anna skulle vi undersøkje berggrunnen, tippe på avstandar og finne ulike plantar.

Etter at alle hadde gjort oppgåvene sine, samla vi oss og snakka litt om observasjonane våre. Det blei også tid til ein del rognebærkasting og småflørting mellom elevane. Då det var overstått, gjekk vi ned til elva igjen der vi blei henta med minibussen. Vi var alle einige om at det var ein fin tur, og alle elevane møtte blide og smilande opp til tysktimen etterpå.

Skrive av elevar frå Vg1 Studiespesialisering