Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Geografiekskursjon i finever

Geografiekskursjon i finever

Etter ein svært våt haust vart det tysdag 13. oktober endeleg fint ver, og klart for ekskursjon i geografi for elevane på ST.

Elevane på ST pleier å ha ekskursjon i geografi på hausten. Vanlegvis er dette lagt opp som ein kombinert kroppsøving- og geografiekskursjon med overnatting. Denne hausten vart det ikkje overnattingstur på grunn av alt regnet som har flomma ned.

Vidaregåande i Vanylven ligg i eit område der det er avrunda fjellformer vest for skulen og alpine fjell aust for skulen. Dette gjer området godt eigna til ein ekskursjon i geografi. På ekskursjonsdagen var vi på Kilebrekka og såg på botnar, endemorener etter botnbrear, sprekkområde, flyttblokker, meandersvingar, kroksjøar og mykje anna.

På biletet ser vi ein del av elevane som studerer sprekkane i sprekkområdet som ligg på vestsida av Sørdalen. Dette er eit av dei største sprekkområda i Møre og Romsdal.