Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > I stormfulle høgder

I stormfulle høgder

11.-12. september var studiespesialiserande (ST) på ekskursjon til Øverberg. Her var det duka for naturfag, geografi, samt kart-og kompassoppgåver. Det var ein tur full av opplevingar i frisk luft og flotte omgivnader.

Torsdag 11.september var den perfekte dagen for fjelltur. Vi skulle møtast kl.19.00 på parkeringsplassen på Øverberg i Syvde. Nokre gjekk, og nokre kom med bil. Klokka 19.15 var alle komne med unntak av to sprekingar som kom frå Dalsfjorden. Vi hadde nokre spennande timar framfor oss. Det visste både vi og sauene som tusla forskrekka rundt og såg på alle dei muntre og høglydte elevane.
ST-gruppa vart delt i to. Den eine gruppa fekk i oppdrag å setje opp lavoen som nokre av oss skulle sove i. Det ikkje var så lett som vi hadde trudd. Men det gjekk til slutt.
Den andre gruppa skulle klippe masse einer til bålet som vi skulle ha seinare på kvelden. Det å klippe einer var ei litt ubehageleg oppleving. Nålene var med eitt over alt på ullgenserane, men det var ei nyttig arbeidsoppgåve, og det vart mykje brensel!
Læraren vår, John Willy Klungre, hadde lagt opp dette som ein koseleg og lærerik tur, og det vart det. Vi laga til bålet og bar sekkene, liggjeunderlaga og soveposane opp i lavoen (for dei som skulle sove inne). Utover kvelden sat vi berre og kosa oss rundt bålet. Det var ein ekkel, kald vind, men vi var like glade. Vi grilla, fortalde historier, og nokre song og spelte gitar. Det var kjempegod stemning, til og med då lavoen heldt på å blåse sin veg, og vi måtte hente steinar eit langt stykke unna! Alle var utruleg positive (med unntak av ein gut som måtte gå to gonger). Det var faktisk eit godt stykke imellom lavoen og bålet, og det var ganske ulendt terreng, så det vart mange knall og fall.
Då vi skulle leggje oss til å sove, var alle så fulle av sukker og energi, at det gjekk ei stund før det vart stilt. Men dei aller fleste sov kjempegodt, og vêret var bra. Då vi var ferdige med frukosten og pakkinga, var kl.09.00. Då stod «skuledagen» for tur. Vi vart delte inn i pargrupper, og deretter drog vi på ekskursjon. Det var spørsmål om alt frå himmel til jord. Vi fekk også oppgåver der vi måtte nytte kart og kompass. På timeplanen stod naturfag og geografi. Dette dreiv vi på med i ca. to timar, til klokka halv tolv. Då var det tid for ei kort samling og litt meir grilling før vi byrja på heimvegen. Nokre gjekk gjennom den vakre fjellheimen medan andre sat på i bilen med John Willy. Men uansett, vi var alle einige om at dette kunne vi vere med på ein eller fire gonger til!

Skrive av elevar frå Vg1 studiespesialsering