Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Innovasjonscamp 9. februar - engasjerte og kreative elevar

Innovasjonscamp 9. februar - engasjerte og kreative elevar

Vanylven Utvikling v/ Tor Inge Nygård var oppdragsgjevar for elevane. Dei fekk ein skuledag til å utvikle ein kreativ forretningside.  Oppdraget var å skape framtidige arbeidsplassar knytta til fjorden og havet i Vanylven. Dei fleste idéane som kom fram, var innan miljøvern og reiseliv. Plastic Fantastic, eit spennande konsept for betring av miljøet i havet (ikkje berre i Vanylven), vart av juryen kåra til vinnar. Andreplassen gjekk til gruppa som kalla seg Sjørmørane. Her var det fjordturisme med dykking, sjøkafé under vatn og hurtigrutekai i samband med Stadt skipstunnel som var konseptet. Helen Langlo Fet frå Ungt Entreprenørskap leia Innovasjonscampen med stø hand.

Per-Roar Gjerde, regional manager i Marine Harvest, heldt eit inspirerande innleiingsforedrag før campen starta.

I juryen sat Janita Arhaug frå Sett Sjøbein, Anna Mari Stranden frå Hofseth AS og Aina Ersvåg frå Vanylven Utvikling og A.M. Vik.

Rettleiarar som skulle hjelpe elevane med utvikling av ideane, var  Øivind Snilstveit (Marine Harvest), Andreas Nystøyl (Statoil), Elisabeth L. Haugen (Clean Coast AS), Robert Sylte (Royal Seaweed AS).

Tor Inge Nygård frå Vanylven Utvikling var svært generøs i si premiering av vinnaren. Gruppa med forretningsidéen Plastic Fantastic, får ta med heile skulen til Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund!