Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Interessant dag hos Vanylven kommune

Interessant dag hos Vanylven kommune

Fredag 29. september var alle vg1-elevane inviterte til ein heil dag med Vanylven kommune. Dagen starta i kommunestyresalen der ordførar Lena Landsverk Sande ønskte velkomen. Ho vektla kvalitetar kommunen har som ein framtidig plass å etablere seg på. Vidare følgde kulturkontoret og Vanylven Utvikling opp med interessante innlegg om det å bu i Vanylven og ulike næringslivsprosjekt som det vert jobba med.

Elevane vart så delte opp i grupper som besøkte Teknisk etat, sørvistorget, Vanylven omsorgssenter og Aktivitetssenteret. Det vart lunsj med pizza og brus på Fiskåholmen med påfølgjande informasjon om framtidsplanar for det nedlagde verftet. Til slutt var det omvisning på Vanylven vassverk for TP – og ST-elevane, medan HO besøkte Solsikka barnehage.

Det vart ein lærerik og kjekk dag, og vi takkar Vanylven kommune for eit godt gjennomført opplegg!