Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Internasjonal dag

Internasjonal dag

Fredag 21. oktober hadde skulen ein flott internasjonal dag i samband med OD, som i år støttar ungdom og utdanning i Rwanda. Dagen var stelt i stand av elevrådet som består av Kent-Jørgen Storeide, Cecilie Kammen, Veronika Bakkebø, Christoffer Aaland og meg, Helén Sandnes Oterhals.

Elevane og lærarane fekk sjå film og vere med på visualiseringsleikar som gjekk ut på å få eit lite innblikk i korleis ungdom, barn og vaksne i utviklingsland kan ha det. Vi hadde gruppearbeid der elevane oppsummerte det meste av dei hadde fått med seg i løpet av dagen. Ei gruppe hadde laga mat etter rwandiske oppskrifter, og alle fekk smake spanande smaksprøver.

I tillegg hadde elevrådet ei hyggjeleg overrasking, nemleg besøk av ekteparet Deogracias Mucocoi (Mao) og Charlotte Ingabire. Dei heldt foredrag og fortalte om Rwanda si historie, sine eigne erfaringar rundt folkemordet i Rwanda og om den positive utviklinga i Rwanda etter folkemordet.
Elevane var engasjerte og flinke, og det såg ut til at dei hadde ein spennande dag. Elevrådet meiner at det er viktig å engasjere seg og at elevane får meir innsikt i kva pengane frå OD går til. Dagen vart avslutta med rwandisk dans, småsnakk og overrekking av ein flott bukett frå elevrådet til dei besøkjande frå Rwanda.

Alt i alt var dette ei god erfaring, sjølv kunne eg gjerne ha gjort alt ein gong til. Tusen takk for ein fin dag til alle!

Helén Sandnes Oterhals
elevrådsleiar