Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Internasjonal dag

Internasjonal dag

Onsdag 22.oktober hadde vi Internasjonal dag ved skulen vår. Det var  elevrådet, som er OD-komite, som hadde utarbeidd programmet for dagen.

ID

Vi fekk vi besøk av Lasse Strand Gule som heldt foredrag om Operasjon Dagsverk. Vi hadde også ein visualiseringsleik der vi laga til eit lite samfunn. Det var spennande og lærerikt for oss. Meininga med leiken var at elevane skulle få ein liten smakebit på korleis det kan vere å leve i land som Malawi og Etiopia. På programmet hadde vi også eit opplegg der vi elevane måtte ta stilling til ulike spørsmål knytta til OD-tema. I matpausen fekk vi smake på mat som HO-klassen hadde laga etter oppskrifter frå Malawi og Etiopia.

Nesten alle elvane vert med på OD som går av stabelen torsdag 30. oktober. Det er vi godt fornøgde med. I år går pengane frå OD til utdanning av jenter i Malawi og Etiopia.