Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Internasjonal veke og Operasjon Dagsverk

Internasjonal veke og Operasjon Dagsverk

Også dette skuleåret valde elevane å engasjere seg i solidaritet med ungdomar i andre land. Årets prosjekt har «Snu fortida!» som tema og dei innsamla midlane går til Colombia. Colombia har vore mykje i søkelyset den seinare tid gjennom det framlegget til fredsavtale som er framforhandla mellom regjeringa og ulike opposisjonsgrupper.

Maren Elise Waagan i midten og OD-komiteen frå skulen.

Onsdag 26. oktober sette elevane fokus på situasjonen i Colombia gjennom film, eit interessant foredrag v/Maren Elise Waagan frå distriktskomiteen og visualiseringsleikar. Etter 50 år med stadige konfliktar og borgarkrig, er målet med OD-prosjektet 2016  å samle midlar som skal brukast til å

-          sikre ungdom i Colombia tilgang til trygge skular utan fare for overgrep

-          lære opp colombiansk ungdom i dei rettigheitene dei har og lære seg å løyse konfliktar utan vald

-          gi støtte til ungdomsorganisasjonar som arbeider for fred og demokrati, og bidra til å utdanne fleire ungdomsleiarar

Fredag 5. november var dei aller fleste elevane engasjerte i husarbeid, butikkjobb, skogsarbeid og andre oppdrag.