Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Internasjonal veke og Operasjon Dagsverk

Internasjonal veke og Operasjon Dagsverk

Også dette skuleåret valde elevane å engasjere seg i solidaritet med ungdomar i andre land. Årets prosjekt hadde «Vi er alle oljebarn» som tema og dei innsamla midlane gjekk til Nigeria, nærare bestemt Nigerdeltaet, der mykje av livsgrunnlaget for dei som lever jordbruk og fiske er øydelagt på grunn av oljeutslepp over mange år.

Bøndene har problem på grunn av oljeureininga. Dette er illustrert gjennom at det vart stadig fleire brune korn blanda med ertene, som er den gode avlinga. Dersom det som vart hausta var ureina, fekk ein ikkje seld varene sine. Dette gav store ringverknader for økonomien og livsstandarden i landsbyen.

Tysdag 31. oktober sette elevane fokus på situasjonen i Nigerdeltaet gjennom foredrag v/Siril Ræstad frå distriktskomiteen, visualiseringsleik som skulle gi innblikk i livsvilkåra for bøndene i området og ei forteljing som skulle sette tankane i sving kring økonomi og livsvilkår.

 

Målet med OD-prosjektet 2017 er å samle midlar som skal brukast til å

-          Gi ungdom i Nigerdeltaet kunnskap om sine rettigheiter og korleis dei kan få gjennomslag for krava sine, mellom anna gjennom å påverke politikarar og oljeselskap til å redusere oljeutsleppa.

-          Utdanning av 10 000 unge oljevaktarar som skal arbeide for at det blir slutt på oljeutsleppa og overvåke at opprydding av forurensinga blir gjennomført.

-          Ungdom skal få hjelp til å utvikle nye miljøvennlege jobbar som skal gi inntekt, redusert arbeidsløyse og fattigdom og tilgang på fornybar energi.

 

Fredag 3. november var dei aller fleste elevane på Vg1 engasjerte i husarbeid, butikkjobb og andre oppdrag. Tilsaman samla dei inn 13 200 kr.