Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Juleavslutning for elevar og tilsette

Juleavslutning for elevar og tilsette

Juleavslutning for elevar og tilsette er eitt av høgdepunkta i haustsemestret.

God stemning, god mat og eit godt fellesskap er stikkord som høver for avslutningsfesten måndags kveld. HS-klassen hadde laga julemat og pynta bord. Tre representantar for elevrådet, Nalin Knardal, Jan Bernhard Moen og Hanne Marte Rovde, oppsummerte skuleåret så langt og takka  ”HS-gjengen og Astrid” (lærar) for den gode maten. Dei gav elles uttrykk for at dei har hatt ”eit supert halvår der ingen dag har vore lik”. Elles var det artige programinnslag ved dei ulike klassene. Amanda Knardal imponerte med flott danseoppvisning. Avdelingsleiar Ester Sørdal Klungre ba elevane tenkje etter om dei har nådd dei måla dei hadde sett seg for hausten når det gjeld dei ulike faga, men også at dei må sjå mulegheitene framover.  Til slutt oppmoda ho dei om å ta godt vare på seg sjølv og kvarandre i jula.