Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Juleverkstad

Det har vore vanleg med juleverkstad ein av dei siste dagane før jul dei siste åra. I år var det nest siste skuledagen før jul som vart brukt til juleverkstad. Alle elevane var innom kjøkkenet med baking, formingasaktivitetar og produksjon av lysestakar for telys på den mekaniske verkstaden.

Og kva er vel meir skikkeleg juleverkstad enn å få presse form i ein lysestake for telys i ei hydraulisk presse og deretter sveise på hank. Ein veldig kjekk dag som mange vil hugse.