Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Juleverkstad

Fredag 17. desember var det tid for den årlege juleverkstaden.

Elevar og lærarar var i full aktivitet på fire postar, der det m.a. vart produsert lussekattar, lysestakar, papirstjerner og makramè. Etter ein periode med mange prøver og heildagsprøver var det kjekt å kose seg litt med andre typar aktivitet. Og i matpausen samlast vi i kantina og fekk sjølvsagt smake på baksten frå kjøkkenet. Julegløggen var også med å skape julestemning.