Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kommunebesøk

Fredag 29. august var Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven på besøk på rådhuset i Vanylven.

Der blei vi ønskte velkomne av varaordførar Magne Løvoll, og deretter viste rundt på forskjellige arbeidsplassar som servicekontoret, plan- og utviklingsavdelinga, driftsavdelinga, barnehage, sjukeheim og Aktivitetssenteret. Vi var også oppom det kommunale vassverket. Målet var å få eit innblikk i ulike kommunale arbeidsoppgåver og kva utdanning/yrke ein treng for å kunne utføre desse oppgåvene.

Servicekontoret

Vanylven kommune har servicekontor som skal yte teneste til folket i Vanylven. Her fekk vi vite korleis sevicesystemet fungerer, deretter vart vi guida gjennom heile Servicetorget. Vi fekk også vite at viss vi skal kontakte nokon av etatane i Vanylven, må vi innom Servicekontoret først. Det er folk sitt første møte med kommunen.

Driftsavdelinga – Teknisk Etat

Byggingeniør ved teknisk etat tok imot oss og informerte om etaten sitt arbeid. Han hadde laga eit hefte med oversikt over deira arbeidsfelt. Der stod det blant anna om vassforsyninga i kommunen, avfallsordninga, røyrsystem og vedlikehald av kommunale bygg. I tillegg fortalde han meir inngåande om kva dei gjer i felten. Etterpå var det høve til å stille spørsmål, og faglærar som var med oss, kom med mange spørsmål, som var til nytte for alle. I tillegg til ingeniør jobbar ulike fagarbeidarar her.

Drifts- og planavdelinga

Her blei vi tekne imot av ein av dei tilsette. Ho har gått på høgskule der ho har studert landbruk og landbruksplanlegging, etter som ho byrja å jobbe, har det gått meir og meir over til planjobbing. Ein agronom jobbar med eigedomsforvaltning, areal, tomter og liknande.
Dei planlegg korleis ein skal bruke ubrukte areal i framtida, og er på den måten med å styre utviklinga i kommunen på dette området. Men dei har ikkje fullt ansvar sjølve, alle planane og idèane blir nemleg lagde ut til høyring der folk får lov å uttale seg om framlegga deira.

Aktivitetssenteret.

På Aktivitetssenteret som er ein verna arbeidsplass, blei vi møtte av avdelingsleiaren som tok oss med på omvisning der vi fekk sett på dei ulike arbeidsstasjonane. Vi var innom vedproduksjon, sy- og strikkerom og stasjonen der dei målar ulike treprodukt. Etterpå fekk vi helse på nokre av brukarane og sjå kva dei gjer på ein vanleg dag. Til slutt var vi innom butikken der varene som blir produserte, blir selde. Dei som jobbar der, er utdanna aktivitørar.

Den kommunale barnehagen på Fiskå

Vi blei viste rundt av barnehageleiaren. I barnehagen var det rundt 20 born i alderen 1-5 år. Før var barnehagen delt i to avdelingar, men no er det berre ei avdeling på grunna av at det er bygt privat barnehage på Fiskå. Vi fekk omvising i barnehagen der vi fekk sjå dei forskjellige romma. På badet hadde dei eit lite toalett som passa til små barnerumper. Det såg koseleg ut. Vidare fekk vi sjå rommet der ungane brukar å sove og ballrommet der dei har eit basseng med mange ballar som ungane «badar» i. Dei tilsette er utdanna førskulelærarar eller har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Vanylven Sjukeheim

Her blei vi møtte av ei av dei tilsette, ho er utdanna omsorgsarbeidar. Vi fekk sjå dei forskjellige avdelingane. Ho fortalte også om korleis det er å jobbe der, sjølv syntest ho at det er ein spennande arbeisplass, kvar dag er forskjellig. Andre yrkesgrupper på sjukeheimen var sjukepleiar (høgskuleutdanning) og hjelpepleiar. No heiter fagutdanninga helsefagarbeidar.

Etter omvisninga var det lunsj i kommunestyresalen, der vi fekk bagettar og brus. Etterpå snakka rådmannen om ulike jobbmulegheiter i Vanylven Kommune, og kva utdanning som krevst til dei ulike jobbane. Så heldt leiaren i Vanylven Vekst eit lite foredrag om kva dei arbeider med, og snakka litt om framtida for kommunen vår. Deretter var det konkurranse for alle elevane med spørsmål om Vanylven kommunen. Vinnarar vart elevane Eirik Nordal Strand, Ole-Martin Norhagen og Carl Even Grande som fekk minnepennar i premie.

Til slutt var vi ein tur opp om vassverket på Fiskå. Sjefen for vassverket, viste oss rundt. Vi delte oss i to grupper så det ikkje skulle bli så trongt om plassen. Gruppene fekk høyre om korleis vatnet kom til vasstasjonen og om dei ulike stega vatnet måtte gjennom for å bli ferdig reinsa. Vi måtte ha på oss plastikktøfler utanpå skorne, fordi det er strenge reglar med omsyn til hygiene på ein vasstasjonen.

Dette var ei lærerik oppleving som alle hadde nytte av, og kanskje kjem nokon av oss tilbake til kommunen for å arbeide her?

Skrive av elevar på Vg1 studiespesialisering