Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Lærerik anatomitime

Lærerik anatomitime

Helse og oppvekst-klassa fekk moglegheita til å undersøke lunger og hjarte frå sau i anatomifaget. Det var mange usikre ansikt i byrjinga, men etter kvart torde alle å både skjere og ta på lunger og hjarte.

Ein del av oppgåva var å blåse luft i luftrøyret ved hjelp av eit sugerøyr, for å få eit innblikk i korleis lungene fungerer. Lungene blei opptil dobbel storleik.

Trass i at det var veldig ekkelt i byrjinga, var det utruleg lærerikt. Det var veldig spanande å få betre innsikt i korleis hjartet og lungene er oppbygde og fungerer.