Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

MONSIADEN

Like før påske fekk vi ein telefon frå sjølvaste Monsiadegeneralen, Mons Sandnes. Han lurte på om vi ville vere med å hjelpe til på ”Monsiaden” 3 juni.

Dette takka vi med glede ja til, sidan det er ei kjempemoglegheit for oss sidan det går innom helsefaga våre.
Vi møtte opp på Eidså kl. 09.30, der vart vi fordelte på forskjellige postar. Det var til dømes, kaste piler på ballongar, eggløp, kaste erteposar på blekkboks og 60 meter. Noko som også er viktig å få med er bocca turneringa, der det er bocca lag frå alle kommunane som deltek.
Medan vi gjorde oss klar, var det opning av Monsiaden og oppvarming for deltakarane.
Vidare fekk dei gå fritt rundt om på postane og seinare var det mat og premieutdeling medan Merkesteinane spelte opp til dans.

Vg1 - HS