Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Ny avdelingsleiar ved vidaregåande skule i Vanylven

Ny avdelingsleiar ved vidaregåande skule i Vanylven

Ester Sørdal Klungre er frå 1. august tilsett som ny avdelingsleiar.

Ho har vore tilsett ved skulen sidan 1984 og er rådgjevar og OT-koordinator i tillegg til lærar. Ester Sørdal Klungre har allmennlærarutdanning frå Høgskulen i Volda og har sidan teke vidareutdanning i norsk, engelsk, spes.ped. og karriererettleiing. Vi ønskjer deg velkomen som ny leiar ved skulen.

Idar Brekke sluttar som avdelingsleiar etter 32 år ved skulen. Han vart tilsett som lærar i 1978, vart inspektør i 1982 og var rektor frå 1984 fram til 2001 då skulen vart slegen saman med Herøy vidaregåande skule. Vi takkar deg for godt samarbeid.