Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Nye tilbod til hausten

Nye tilbod til hausten

Neste skuleår vert det muleg å ta Vg2 i helsearbeidarfag og i produksjons- og industriteknikk ved Herøy vgs., avd. Vanylven. Dette er ordinære skuletilbod, men opplegget vert i nær samarbeid med næringslivet og kommunen.

Mykje av praksisen i produksjons- og industriteknikk vert lagd til dei to bedriftene North Cape Minerals og Ulstein Verft. Når det gjeld helsearbeidarfaget, vert praksisen lagd til ulike institusjonar i kommunen.

Kommunalsjef Arnhild Noraune lover ekstra bonusordningar for dei som vel å ta Vg2 helsearbeidarfag ved Herøy vgs., avd. Vanylven, som t. d. studiereise til utlandet, småkurs innan helse og velvære og godt planlagde praksisperiodar.

Når det gjeld faget produksjons- og industriteknikk, skal det også her utarbeidast gode opplegg med studiereise og gode praksisordningar.