Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > OPEN DAG FOR 10.KLASSINGANE

OPEN DAG FOR 10.KLASSINGANE

Tysdag 24.01. var alle 10.klassingane frå Vanylven på besøk på skulen. I løpet av dagen var alle innom dei tre programområda våre (TP, HO og ST) to gongar (seks postar totalt). Skuledagen var fylt med ulike aktivitetar, til dømes sveising, blodsukkermåling, naturfagøvingar, baking og quizzar.

Det var ein interessert og kjekk gjeng vi hadde på besøk frå ungdomsskulane, og elevane våre gjorde ein strålande jobb med instruksjon og informasjon.