Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Open dag med god stemning

Open dag med god stemning

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring nærmar seg, og tysdag 25. januar var det open dag her på skulen. Om lag femti tiandeklassingar frå Vanylven var her heile dagen og var med på ulike aktivitetar knytta til programområda våre.

Alle ungdomsskuleelevane og lærarane som var med møttest først i kantina. Avdelingsleiar Ester Sørdal Klungre ønskte velkomen og fortalde litt om den vidaregåande skulen i Vanylven. Ho viste mellom anna til svært gode tilbakemeldingar frå spørjeundersøkingar gjort med elevane i fjor. Elevrådsleiar Andre Pedersen sa også litt om skulen før rådgjevar Aage Gunnar Strand organiserte elevane i grupper. Programmet for dagen inneheldt åtte aktivitetar. Alle fekk prøve seg i m.a. sveising, maskinering, matlaging, naturfagforsøk og konkurransar. Elevane våre i lag med lærarane følgde gjestane frå ungdomsskulane tett opp, og det var god stemning og mange smil å sjå denne dagen.