Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Overnattingstur ved Vassdalsbu

Overnattingstur ved Vassdalsbu

Det har vorte tradisjon at elevane ved den vidaregåande skulen i Syvde får seg ei utflukt eller to i løpet av skuleåret. Med flott føre, enda flottare skiløyper og på ein dag der vêrgudane såg ut til å|vere i godt lune, låg alt til rette for at vi i ST-klassa skulle få ein kjempetur.

Ein meir eller mindre sveitt gjeng kom til Vassdalsbu i eitt-tida torsdag. Vi sysselsette oss med gravearbeid, og etter fleire timar med målretta, intensiv graving i snøen hadde vi trylla fram ein bålplass som vart påstått å vere verda sitt åttande underverk. Ein kan vel kanskje setje spørsmålsteikn ved akkurat det, men flott vart det i alle fall.

 

Dei heldige som tok turen inn mot Skindalen og Hellebustfjella i skumringa torsdagskvelden, fekk ei fantastisk oppleving der ein nærmast kunne føle at ein sveva innover mot den rosafarga himmelen. Nett som å vere i eit måleri. Etter ei heidundrande nedoverkøyring vart det kos, allsong og spøkelseshistorier rundt bålet før dei «barskaste» la seg i lavvoen, medan nokre fann det meir behageleg inne i Vassdalsbu.

 

I tolv-tida fredag vende vi nasene mot Øverberg igjen. Alle saman smilande og samde om at dette var noko av det flottaste vi nokon gong hadde vore med på. Vi vil nytte høvet til å takke skulen og spesielt turleiar og kontaktlærar John Willy Klungre for å ta initiativ til å ta oss med på slike utflukter.