Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > PC-stipend for elevar på Vg1

PC-stipend for elevar på Vg1

Elevar på Vg1 og Vg2 vil få utbetalt eit PC-stipend skoleåret 2007/2008. I tillegg får alle elevar på Vg2 eit utstyrsstipend frå Lånekassen.

Vg1-elevar
Som elev skal du halde deg med læremiddel etter skolen si læremiddelliste.
Berbar PC blir obligatorisk læremiddel og du vil få utbetalt eit PC-stipend. PC-en må du difor kjøpe sjølv. PC-en må tilfredsstille krava til ein standard-PC, opplysningar om dette finn du i artikkelen "PC-råd til elevar som skal ta til på vidaregåande". Fylket sine leverandørar er informert om ordninga. Dei leverandørane som har rammeavtale med fylkeskommunen er ADcom data, ARdata, Ementor/Informatikk, PCsupport og Umoe IKT. Les meir på http://www.mrfylke.no/fagom.aspx?m=23134&amid=1587173