Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!

Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.

Når kan eg søkje?

Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.

Kvar kan eg søkje?

  • Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass. Du loggar inn med MinID.
  • Du kan søkje frå lanekassen.no. Du loggar inn med MinID.

Korleis får eg pengane?

  1. Du sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Logg inn med MinID.
  2. Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga) til skolen. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.
  3. For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.