Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Søknadsfristen til vidaregåande opplæring nærmar seg

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring nærmar seg

1.mars går søknadsfristen for å søkje til vidaregåande opplæring ut.

Ein søkjer på www.vigo.no og brukar MinID for å logge seg på.

Måndag 23.januar var 10.klassingane frå Vanylven og Dalsfjord skule på open dag ved skulen vår. Alle elevane var innom heile åtte stasjonar der dei fekk prøve ut både praktiske og teoretiske ferdigheiter saman med elevane våre. Stemninga var god både hos vertskap og gjestar. Nokre fekk kanskje innspel som gjer det lettare å velje skuletilbod til hausten.

Dersom nokon treng hjelp i søknadsprosessen fram til 1. mars, må ein gjerne ta kontakt med rådgjevar ved skulen vår.