Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Studietur til Spania

Studietur til Spania

Elevane i helsearbeidarfag var på studietur til Costa Blanca i Spania frå 6. – 12. april.

Vi hadde leilegheit i byen Altea, men reiste rundt til ulike småbyar i området: Alfaz del Pi, Albir og La Vila Joiosa og Guadalest. Vi besøkte sjukeheimen Fundacion Betanien som er norsk . Der møtte vi ein entusisatisk assisterande direktør, Anna Bell, som informerte om korleis dei tenkjer i drifta av institusjonen. http://www.betanien.no/fundacion - Vi var også innom rommet til ein av brukarane, ein rask 80-åring i rullestol som dreiv med mykje skrivearbeid på pc-en sin. Aktivitet og mental stimulering var viktig på Fundacion Betanien.

Sjukeheimen Ciudad Patricia var ein privat sjukeheim og var meir som eit hotell. Både i stil og drift var den svært ulik det vi kjenner frå Noreg og også Fundacion Betanien. Det var dyrt å bu der, så det var nok for dei som hadde god økonomi. http://www.ciudadpatrica.com

Det norske helse- og feriesenteret Solgården i La Vila Joiosa var vel verd eit besøk. Også her vart vi godt mottekne og fekk orientering om ulike typar av opphald dei kan tilby av Marianne. Som de kan sjå på heimesida deira var det vakkert og triveleg der: http://www.solgarden.no

Elles vart det tid til byvandring, turar, litt bading, soling, shopping, og eit besøk innom sjømannskyrkja i Albir. Vi hadde eit flott opphald i Spania! Det er Vanylven Utvikling som sponsar studietur for elvane på Vg2, både helsearbeidarfag og industriteknologi, som eit ledd i å rekruttere ungdommar til arbeidslivet i Vanylven. Vi sender ein stor takk til Vanylven Utvikling.