Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > TIP på Ulstein verft og Vestsink

TIP på Ulstein verft og Vestsink

Onsdag 26. oktober var elevane på TIP på ekskursjon til Ulstein verft i Ulsteinvik, og Vestsink på Leikong.

På Ulstein verft var det omvising mellom anna i den overbygde dokka og rørverkstaden med avanserte datastyrte bøyemaskiner. Veldig interessant var det også å besøke det nyopna museet og informasjonsavdelinga med mykje interessant å sjå og oppleve. Besøket vart avslutta med flott lunsj i kantina.

Etterpå var det besøk på Vestsink der ein fekk god orientering om korleis ein vernar stål mot korrosjon, i ei bedrift som har arbeidd med dette i over 40 år.