Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Tematur til Polen og Tyskland

Tematur til Polen og Tyskland

Siste veka før påske var elevar på Vg1 og lærarar på tematur til Polen og Tyskland. Hovudmålet med turen var besøk i konsentrasjonsleiren Auschwitz og Stasifengselet i det tidlegare Austtyskland. I tillegg var det flotte opplevingar i den gamle kulturbyen Krakow, i saltgruva i Wieliczka og i storbyen Berlin.

Første gangen skulen reiste til Polen med konsentrasjonsleirar som tema var i 1995. I år var det tur nr 12 med same tema. Turen er delvis sponsa av Vanylven kommune.

Etter å ha reist frå Vanylven seint onsdag kveld var vi framme i Wrocław fredag kveld, og fekk ein rask kikk på middelaldertorget i byen og god mat. Neste dag var første dag med tema i Auschwitz, der det var guida tur både i Auschwitz 1 som var den opprinnelege konsentrasjonsleiren og Auschwitz 2 Birkenau som var utryddingsleiren. Dette besøket er ei sterk oppleving som ein treng tid til å bearbeide.

Neste dag var det salgruva i bydelen Wieliczka i Krakow som sto på programmet. Denne gruva er eit av dei aller første fortidsminnesmerka som kom på Unescos si liste over verdas kulturarv. Her har det vore gruvedrift heilt sidan 1300-talet. Gruva var saman med andre saltgruver grunnlaget for rikdommen og kulturen i Krakow der det var høgskulemiljø allereie på 1300-talet.

Tysdag var det guida omvising i Stasifengselet og seinare på dag byguiding i Berlin. Statsifengselet minner oss om kor kort tid sidan det er at det var mangel på fridom og demokrati også i Nord-Europa.