Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Trafikkteljing

Trafikkteljing

16. og 17. oktober var elevane med på ei trafikkteljing ved ferjesambandet Årvik - Koparnes.

Det var Vanylven kommune som var oppdragsgjevar og Statens Vegvesen var ansvarlege for gjennomføringa. Føremålet var å få kartlagt reisevolumet på denne ferjestrekninga med tanke på å finansiere den planlagde tunnelen Årvik - Skogevatnet med bompengar.

Elevane var delte opp i grupper som hadde ansvar for ei økt på 3-3,5 t. Arbeidet gjekk ut på å levere ut skjemaet, vere hyggelege og oppmode bilførarane om å svare på det og å samle inn att dei utfylte skjemaa. Sjølve arbeidet baud ikkje på dei store utfordringane, men med ulike faglege vinklingar, kan slike oppdrag gje meir lærdom enn ein dag ved skrivepulten.

Elevane var positive og fekk gode tilbakemeldingar etter fullført oppdrag.