Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Tur til Polen og Tyskland

Tur til Polen og Tyskland

Veka etter påske reiste dei fleste av elevane og 6 av dei tilsette på tur til Polen og Tyskland.

Turen var i all hovudsak lagt opp på same måten som turane dei siste åra, men på grunn av betre vegar i Polen hadde vi i år det same programmet som tidlegare år, men med 1 døgn kortare reisetid.

Reisemålet for turen er først og fremst Polen med konsentrasjonsleirane i Auschwitz som hovudmål. Første dag i Polen var vi både i KZ 1 Auschwitz og KZ 2 Birkenau. I tillegg vart det god tid til Krakow, med gamlebyen og saltgruvene. Turen vart avslutta i Berlin der det var byguiding med mellom anna stopp ved Checkpoint Charlie, Berlinmuren, Olympiastadion, Brandenburger Tor mm. Vi var og i Stasifengselet og i fjernsynstårnet.

Alt i alt var dette ein kjempekjekk tur med mange og sterke opplevingar. Den sterkaste opplevinga var nok dagen i Auschwitz. Biletet er teke utanfor hovudporten på KZ 1 Auschwitz.