Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Undervisningsevalueringa 2018-19

Undervisningsevalueringa 2018-19

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.

Undersøkinga vert gjennomført i starten av desember på vidaregåande i Vanylven.

Du finn meir informasjon her.