Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ung kunst

Vanylven kunstlag brukte i helga kantina til salsutstilling. Tekstilkunstnaren Solfrid Norvik og biletkunstnaren Henrik Koppen var kunstnarane på denne utstillinga.

I tillegg var det opning av permanentutstilling av kunstverk laga av Ansgar Leiten i øvste etasje. Utstillingane denne helga var godt besøkte. Spesielt kjekt er det i samband med ei utstilling på ein vidaregåande skule, at Henrik Koppen som sjølv er elev i vidaregåande skule, selde mange av bileta sine. Bileta han har laga vart hengande nokre dagar etter utstillinga til glede for elevane ved skulen vår.