Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Valtorg og skuleval

Valtorg og skuleval

Den tradisjonelle skuledebatten før valet vart erstatta med valtorg også ved vår skule.

Onsdag 31. august fekk elevane møte politikarar frå ulike politiske parti for å stille spørsmål og motta valmateriell. På førehand hadde ein arbeidd med valet i klassane, og politikarane ga uttrykk for at dei møtte ein aktiv og engasjert elevflokk.

Torsdag 1. september avvikla vi skuleval med følgjande resultat:

Parti Kommuneval Fylkestingsval
Framstegspartiet 40 % 32 %
Høgre 3 % 5 %
Senterpartiet 11 % 10 %
Kristeleg Folkeparti 3 % 5 %
Arbeidarpartiet 37 % 29 %
Blank 6 % 7 %
Raudt 0 % 2 %
Kystpartiet 0 % 2 %
Miljøpartiet De Grønne 0 % 2 %
Sunnmørslista 0 % 5 %
Sum 100 % 100 %