Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > “Vanylvsdag” for Vg1

“Vanylvsdag” for Vg1

Torsdag 11. september var Vg1-elevane inviterte til Vanylven kommune.

Målet med besøket var auka kunnskap om kva kommunen har ansvar for og kva slags arbeidsplassar ein kan tilby. Ein starta med felles samling i kommunestyresalen der ein vart møtt av ordførar Jan Helgøy, kulturleiar Jermund Rekkedal og ungdomsarbeidar Veslemøy Ervik. Deretter vart elevane delte inn i grupper som i tur og orden besøkte Plan- og utviklingsavdelinga, Driftsavdelinga, Servicekontoret, Vanylven sjukeheim og Aktivitetssenteret.

Kommunen spanderte pizza i lunsjpausen. Etterpå var det besøk av rådmann Gudmund Sandnes som presenterte nokre nøkkeltal for kommunen: T.d. er budsjettet på 180 millionar kroner, der om lag 40% går til eldreomsorg og 32% til drift av skule og barnehage. Om lag 380 har kommunen som sin arbeidsplass. Denne økta vart avslutta med spørjekonkurransen “Kven veit kva om Vanylven kommune”.

Siste post i ein lærerik dag var besøk ved Vanylven Vassverk, der avdelingsingeniør Helge Kleppe informerte og viste rundt i eit imponerande anlegg.