Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy vgs. avd. Vanylven > Nyheiter > Vellukka tverrfagleg ekskursjon

Vellukka tverrfagleg ekskursjon

ST-klassa tok innspurten før haustferien i form av tverrfagleg ekskursjon i området på Øverberg.

Kvelden vart brukt til å praktisere friluftsliv i form av tur, fiske, stjerneekskursjon, grilling med hodelykt og kortspel med hodelykt.

Etter at dei fleste hadde sove ute i friluft om natta var det geografi og naturfag som var på programmet neste dag. I naturfag handla det om suksesjon med gjengroing av beitemark og gjengroing av småvatn. Det mest spanande i geografidelen var å studere starten av det store sprekkområdet på vestsida av Sørdalen. Dette er det nest største sprekkområdet i Møre og Romsdal. Det vart og tid til steinsanking i Olivinområdet rett nord for sprekkområdet, og i tillegg vart det sjølvsagt endå meir friluftsliv.