Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Profil

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven har tre område som vi legg stor vekt på:
  1. Å skape eit trygt og godt læringsmiljø. Vi har utarbeidd ein skulestartpakke som har som mål eit godt inkluderande fellesskap. Vidare har vi ei anonym miljøundersøking tidleg i skuleåret for å avklare om elevane trivst og for å avdekke mobbing. Gjennom heile skuleåret har vi samlingar for å ivareta det gode fellesskapet.
  2. Å ha eit godt kvalifisert personale med fokus på fagleg oppdatering.
  3. Å ha eit nært samarbeid med lokalmiljøet. Ved skulestart har vi ein Vanylvsdag der elevane er på rådhuset og møter tilsette i kommunen for å bli meir kjende med kva kommunen har behov for av arbeidskraft og gir av tilbod. Samarbeidet med helseetaten er spesielt tett ved utplassering av elevane på Helse og oppvekstfag Vg1 og Vg2 og «Livsgledeprosjektet». Alle elevane er elles på besøk til ulike bedrifter i nærmiljøet.

Kontaktpersonar

Marit Johanne Redse
avdelingsleiar
71 28 18 82 / Mob. 928 44 169
Send e-post