Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Klage på standpunktkarakter

Dersom ein elev vil klage på ein standpunktkarakter, skal det skje etter visse prosedyrar. Klagefristen er 10 dagar etter at eleven har fått melding om karakterane. Halvårsvurderingar kan ikkje klagast på.

Det er lurt å ta kontakt med skulen om ein vurderer å klage.

Sjå meir informasjon her: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Elev/Klage

Les meir

Innovasjonscamp 9. februar - engasjerte og kreative elevar

Vanylven Utvikling v/ Tor Inge Nygård var oppdragsgjevar for elevane. Dei fekk ein skuledag til å utvikle ein kreativ forretningside.  Oppdraget var å skape framtidige arbeidsplassar knytta til fjorden og havet i Vanylven. Dei fleste idéane som kom fram, var innan miljøvern og reiseliv. Plastic Fantastic, eit spennande konsept for betring av miljøet i havet (ikkje berre i Vanylven), vart av juryen kåra til vinnar. Andreplassen gjekk til gruppa som kalla seg Sjørmørane. Her var det fjordturisme med dykking, sjøkafé under vatn og hurtigrutekai i samband med Stadt skipstunnel som var konseptet. Helen Langlo Fet frå Ungt Entreprenørskap leia Innovasjonscampen med stø hand.

Les meir

Lærerik ekskursjon til Marine Harvest

Tysdag 6. februar var skulen på ekskursjon til oppdrettsanlegget som Marine Harvest har i Vanylven. Det er den fantastiske fisken rognkjeksa som vert ala opp her. Rognkjeksa lever av blant anna lakselus, så dette er ein miljøvenleg måte å bli kvitt lakselusa på. Det var eit interessant og lærerikt besøk der vi møtte engasjerte og kunnskapsrike tilsette som viste oss rundt på anlegget.

Les meir

Informasjonsmøte om vidaregåande opplæring 30.01. kl. 19.00

Det vert møte om vidaregåande opplæring på Herøy vgs. avd. Vanylven tysdag 30. januar kl. 19.00. Målgruppa er først og fremst foreldre og føresette til 10.klassingar, men andre interesserte er også velkomne! 10. klassingar kan også gjerne møte. Den 31.01. vert det open dag for alle elevane i ungdomsskulen i Vanylven.

Sjå elles møteinvitasjon som er sendt ut til alle foreldre til 10.klassingar. (PDF-dokument i høgre marg)

Vel møtt!

Les meir

Internasjonal veke og Operasjon Dagsverk

Også dette skuleåret valde elevane å engasjere seg i solidaritet med ungdomar i andre land. Årets prosjekt hadde «Vi er alle oljebarn» som tema og dei innsamla midlane gjekk til Nigeria, nærare bestemt Nigerdeltaet, der mykje av livsgrunnlaget for dei som lever jordbruk og fiske er øydelagt på grunn av oljeutslepp over mange år.

Les meir

Lærerik anatomitime

Helse og oppvekst-klassa fekk moglegheita til å undersøke lunger og hjarte frå sau i anatomifaget. Det var mange usikre ansikt i byrjinga, men etter kvart torde alle å både skjere og ta på lunger og hjarte.

Les meir

Interessant dag hos Vanylven kommune

Fredag 29. september var alle vg1-elevane inviterte til ein heil dag med Vanylven kommune. Dagen starta i kommunestyresalen der ordførar Lena Landsverk Sande ønskte velkomen. Ho vektla kvalitetar kommunen har som ein framtidig plass å etablere seg på. Vidare følgde kulturkontoret og Vanylven Utvikling opp med interessante innlegg om det å bu i Vanylven og ulike næringslivsprosjekt som det vert jobba med.

Elevane vart så delte opp i grupper som besøkte Teknisk etat, sørvistorget, Vanylven omsorgssenter og Aktivitetssenteret. Det vart lunsj med pizza og brus på Fiskåholmen med påfølgjande informasjon om framtidsplanar for det nedlagde verftet. Til slutt var det omvisning på Vanylven vassverk for TP – og ST-elevane, medan HO besøkte Solsikka barnehage.

Det vart ein lærerik og kjekk dag, og vi takkar Vanylven kommune for eit godt gjennomført opplegg!

Les meir

Aktivitetsdag i strålande septemberver

Alle elevar og tilsette tok del på aktivitetsdagen på Sandviksanden 20.09. Dagen starta med ei rekkje aktivitetar der elevgruppene vart utfordra på svært ulikt vis. I det strålande haustveret med sommarstemning vart det også grilla, gjennomført volleyballturnering, laga sandslott, leika og til og med bada.

Ein kjekk, samansveisande aktivitetsdag med mange blide og førnøgde deltakarar.

Les meir

Velkomen til foreldremøte 12.09.

Vi inviterer til foreldremøte for dei som har elevar i vg1-klassene tysdag 12.09. kl. 19.30. Møtet vert på kantina der det først vert ein del fellesinformasjon, deretter vert det klassevise samlingar ved kontaktlærarane.

Alle foreldre har fått skriftleg invitasjon.

Vel møtt!

Les meir

Velkomen til eit nytt skuleår!

Sommarferien 2017 går mot slutten og vi ser fram til å ta imot alle elvane som skal starte hos oss. Første skuledagen er måndag 21. august. Alle møter i kantina kl. 08.10.

Første skuleveka legg vi vekt på å verte kjende med kvarandre og også å komme oss raskt i gong med skuleåret.  Vi ber nye elevar om å gjere seg kjende med fylkeskommunen si pc-ordning (sjå oppslag på heimesida vår).

Du finn og mykje nyttig informasjon på mrfylke.no/elev 

Vel møtt!

Les meir